Stikkelsbær

Sesong: Juli - august

Oppbevaring: I kjøleskap

Rike på: Vitamin C og kostfiber (ved inntak av min. 100 g råvare)

Bruk: Etast naturell. Veleigna til gelé, saft og sylting, eller i paiar og kaker. Fantastisk som garnityr til kjøtt og fiskerettar. Kan frysast.

 

Stikkelsbær er i slekt med rips og solbær, men er mykje større og heng ikkje i klasar. Dei kjem frå Kaukasus og det vestlege Afrika, og blei dyrka i Norden frå 1600-talet. Stikkelsbær kan variere noko i utsjåande. Fasongen kan vere rund, men også noko avlang. Skalet varierar frå nesten glatt til håret. Stikkelsbær finst både som grøne, gule, raude og purpurfarga og smaken er søt og litt syrleg. Bær som skal brukast til syltetøy og gelé bør være hausta umodne, medan bær som skal brukast til dessert eller frysast bør være meir modne.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Rips

Neste
Neste

Tindved