Tindved

Sesong: Heile året

Oppbevaring: I frysar

Rike på: Antioksidantar, særleg rik på C-vitamin

Bruk: Berre fantasien set grensar; garnityr, dessertar, bakverk, likør, gele, marmelade, saft, sausar, kjøtrettar, fiskerettar, helsekost.

 

Tindved veks vilt på havstrand langs kysten frå Trøndelag til Troms. Dyrking av tindved er vanleg både i andre europeiske land og i Asia. Planta vert kalla havtorn på svensk og dansk, og buck thorn på engelsk. 

Lærdal Grønt formidlar «Tindved frå Sogn», som einaste grøntmottak med norskdyrka tindved i sitt sortiment. Bæra er saftige og friskt syrlege, med ein fyldig, særprega aroma. Ein liten porsjon bær kan setje ein nydeleg farge og eit framifrå smakspreg på ei mengd rettar.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Stikkelsbær

Neste
Neste

Blomkål