Moreller

Sesong: Midten av juli - august

Våre sortar: Van, Ulster, Lapins, Regina, Kordia, Skeena og Sweethart

Oppbevaring: I kjøleskap

Rike på: Vitamin C og kostfiber

Bruk: Moreller er utmerka i salatar, som syltetøy og saft, hermetisert og i bakverk eller saman med ost.

 

Moreller er ei steinfrukt i slekt med plommer. Moreller og kirsebær omtales ofte om kvarandre, men kirsebær er eigentleg eit namn som omfattar to hovudgrupper: Søtkirsebær, som i Noreg blir kalla moreller, og surkirsebær, som me kallar kirsebær.

Morelltrea kjem opphavleg frå Kina der dei har vore dyrka i 4000 år. Moreller blir no dyrka i alle verdsdeler. Det er to sesongar for moreller, ein på den sørlege halvkula og ein på den den nordlege. Aller sist i den nordlege morellsesongen kjem morellene frå Lærdal. Lang vekstsesong, mykje lys, godt jordsmonn og rikelege mengder friskt vatn gjev morellene frå Lærdal den gode smaken.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Eple

Neste
Neste

Plommer