Eple

Sesong: August til november

Våre sortar:

Oppbevaring: Tidleg hausta eple har noko kortare haldbarheit enn dei seinare sortane. For all oppbevaring er det viktig å halde temperaturen så låg som råd, og ha rett luftfuktighet.

Rike på: Eple innhold mykje kostfiber, som er gunstig for fordøyinga. Eple har mest vitamin C like under skalet, så et epler med skalet på. Vitamin C styrker immunsystemet og aukar opptaket av jern frå andre matvarer.

Bruk: Eple kan gjerne etast som dei er, eller nyttast i fruktsalat, til ost eller i pai. Eplegraut, eplemos og eplekake er for mange ein haustfavoritt.

 

Eplet har eit tynt skal som kan etast, som enten er grønt, gult raudt eller gulraudt. Fruktkjøtet er fast og i midten av eplet er det eit kjernehus som fjernast om ein skal nytte eplet til matlaging. I Noreg var det munkene som først starta med fruktdyrkinga. Dei skjøna tidleg at Hardanger var ein godt eigna stad for dyrking, og sidan har det blitt dyrka eple heilt opp til Møre og Romsdal. Ein kjenner til fleire tusen forskjellige eplevariantar som er avla fram i ulike produksjonsland, tilpassa dei lokale dyrkingshøva. Difor kjem det stadig nye variantar på marknaden - medan gamle går ut.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Aprikos

Neste
Neste

Moreller