Plommer

Sesong: August og september

Oppbevaring: Beste lagringstemperatur er mellom 0 og 4 grader. Kor haldbar den er avhenger av modningsgrad; ei moden plomme har kort haldbarheit, medan ei mindre moden plomme held seg lengre.

Rike på: Plommer har lågt innhald av feitt og inneheld mykje kostfiber som er gunstig for fordøyinga.

Bruk: Plommer kan etat som dei er, eller nyttast til sylting, i pai og anna bakverk.

 

Plomma kjem opphavleg frå Vest-Asia, men blir i dag dyrka over heile verda. Vi kjenner til over 2000 sortar plommer. Den er rund eller oval i formen og storleiken ka variere frå sort til sort. Dei aller største kan bli på storleik med eit lite eple. Ein kan ete det tynne skalet, som varierer i farge mellom gult, raudt, blått eller sjatteringer av desse. Plommene har ein stor stein i midten, og blant nokre av plommesortfne heng fruktkjøtet fast i steinen, medan andre sortar slepp steinen lett. Fruktkjøtet er saftig og aromatisk (kilde: frukt.no)

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Moreller

Neste
Neste

Pærer